Rondane

Nasjonalparkene-02-1140x445Film Rondane

Ved Rundarne av Aasmund Olavsson Vinje

No ser eg atter slike fjøll og dalar
som deim eg i min fyrste ungdom såg,
og sama vind den heite panna svalar;
og gullet ligg på snjo, som fyrr det låg.
Det er eit barnemål, som til meg talar,
og gjer’ meg tankefull, men endå fjåg.
Med ungdomsminni er den tala blandad:
Det strøymer på meg, so eg knapt kan anda.

Ja, livet strøymer på meg som det strøymde
når under snjo eg såg det grøne strå.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
når slike fjøll eg såg i lufti blå.
Eg gløymer dagsens strid, som fyrr eg gløymde
når eg mot kveld af sol eit glimt fekk sjå.
Eg finner vel eit hus som vil meg hysa,
når soli heim til notti vil meg lysa.

Alt er som fyrr, men det er meir forklårat,
so dagsens ljos synest meire bjart,
og det som beit og skar meg so det sårat,
det gjerer sjølve skuggen mindre svart;
sjølv det som til at at synda tidt meg dårat,
sjølv det gjer’ harde fjøllet mindre hardt.
Forsonad’ koma atter gamle tankar:
det sama hjarta er, som eldre bankar.

Og kver ein stein eg som ein kjenning finner,
for slik var den eg flaug ikring som gut.
Som det var kjæmpur spyr eg kven som vinner
af den og denne andre håge nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til soli burt i snjoen sloknar ut.
Og inn i siste svevn meg eigong huggar
dei gamle minni og dei gamle skuggar.

RondaneRondane

Klikk på kartet for få det i større utgave. Du kan gå til Miljødirektoratets kartløsning. Velg «Vis kartlag» øverst, så kryss av for «Verneområder» til venstre, zoom etter behov.

 

 



facebooktwittergoogle_pluspinterestlinkedinmail